Kommuneoverlegane si bønn: – Test deg ved første symptom og hald avstand

 Aukande smitte på Jæren fører til bekymring.

Onsdag 30. juni fekk elleve personar i Hå kommune påvist covid-19. Same dagen testa ti personar positivt i Time, og seks testa positivt i Klepp.

Med fleire andre omfattande smitteutbrot den siste tida, er det ein krevjande situasjon for dei som jobbar med smittesporing på Jæren akkurat nå. Mange hundre er sette i karantene.

– Me har kontroll og har oversikta. Det er få tilfelle med ukjent smitteveg. Men det er ein sårbar situasjon, understrekar Anders G. Madsen, fungerande kommuneoverlege i Hå kommune.

Han og dei andre kommuneoverlegane oppfordrar nok ein gong folk til å vera litt meir forsiktige og avgrensa talet på nærkontaktar i tida framover.

– Me ser at det skjer ein del smitte i private, sosiale samankomstar – også utandørs, seier Øystein Fjetland Øgaard, kommuneoverlege i Time.

I tillegg er det mange som er litt seine med å testa seg. Kommuneoverlegane oppfordrar alle til å halda seg heime og bestilla test med ein gong dei merkar symptom på covid-19.

– Nå må innbyggarane bidra for fellesskapet i sluttfasen av pandemien, oppfordrar Roman Benz, kommuneoverlege i Klepp.

Time kommune vil vidareføra lokal forskrift med skjenkestopp ved midnatt til 12. juli klokka 12.00. Elles er det nasjonale reglar og anbefalingar som gjeld i Klepp, Time, Hå og Gjesdal – men alle innbyggarar blir altså oppfordra til å halda avstand, halda talet på nærkontaktar nede og ha låg terskel for å testa seg.