Klepp, Time og Hå vidarefører skjenkestoppen

Klikk for stort bileteOrdførarane i Klepp, Time og Hå har i dag bestemt at skjenkeforbodet held fram.

Basert på Stortinget si avgjerd tysdag, har regjeringa opna opp for skjenking på stader med lite smitte.

I vår region er smittenivået fortsatt høgt, og det vert derfor ikkje opna for skjenking på Jæren i denne omgang:

- Regjeringa er tydelege på at det er barn og unge som skal prioriterast. Me har derfor opna symjebasseng, idrettshallar og fritidsklubbar for organisert aktivitet for barn og unge under 20 år. Samtidig er smittenivået slik at me ikkje kan opna opp alt hjå oss no, og det betyr mellom anna at me ikkje opnar opp for skjenking. Denne avgjerda er teken på bakgrunn av eit klart råd frå kommuneoverlegen, og i god dialog med kommunane på Nord-Jæren slik at det blir like reglar på dette området i byane i regionen vår, seier ordførar Andreas Vollsund i Time.  

Forskrift og anbefaling

Skjenkeforbodet i Time er forankra i forskrift (PDF, 230 kB), og gjeld fram til 26. januar. Klepp og Hå kommune har ikkje laga forskrift, men følger opp med ei likelydande anbefaling for same tidsrom:

- Hå kommune går i dialog med skjenkestadene i Hå, og i samråd med kommuneoverlegen vil me sterkt anbefala dei å fylgja same retningslinjer som Time kommune føreskriv for sine skjenkestader, seier ordførar Jonas Skrettingland i Hå.

Det same gjeld Klepp:

- I Klepp tilrår me å oppretthalda full skjenkestopp. Me har ein annan profil på utelivet enn Time har, med Bryne sentrum. Me ønsker ikkje å bruka forskrift med mindre det er heilt nødvendig, seier Klepp-ordførar Sigmund Rolfsen.

Alle tre kommunane vil gjera ei ny vurdering måndag 25. januar.