Dødsfall på Sivdamheimen

Ein av bebuarane som har fått påvist smitte av covid-19 døde i natt. 

- Dette var ein trist beskjed å få, og mine tanker går til dei pårørande i denne situasjonen, seier ordførar Andreas Vollsund. 

- Dødsfallet skuldast truleg underliggande sjukdom, og har sannsynlegvis ikkje samanheng med covid-19, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

Totalt har fire tilsette og åtte bebuarar ved Sivdamheimen fått påvist smitte den siste veka. Alle dei smitta bebuarane er fullvaksinerte, og den aktuelle avdelinga er isolert fram til 9. juli.