Omsorgsbustadar og institusjonar

Besøk ved Institusjonar og omsorgsbustadar

Me følger råda frå nasjonale myndigheiter og legg til rette for besøk på institusjonar og omsorgsbustadar. 

Frå 4. - 18. januar kan bebuarar ha maks to faste personar på besøk (utanom tilsette). For pasientar/brukarar som ønsker å besøka pårørende/familie i private heimar gjeld dei nasjonale føringane om besøk om at dei som bur aleine kan ha besøk av intill to personar desse 14 dagane.

Besøkande må følga gjeldande smittevernreglar. Mellom anna:

  • Besøkande må halda minst ein meter avstand til den dei besøker, og til andre bebuarar og personalet. Dersom ein av ulike grunnar ikkje kan halda ein meter avstand, skal besøkande bruka munnbind.
  • Besøkande som har vore saman med venner og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halda to meters avstand til pasientane/bebuarane
  • Det er veldig viktig at du ikkje går på besøk om du har symptom på luftvegsinfeksjon, og at du ikkje kjem på besøk dei første 10 dagane etter at du har vore i utlandet
  • Besøkande som nyleg har vore i eit område med høg lokal smitterisiko, bør bør følga smittevernråda som gjeld for dette området når dei er på besøk. Dette gjeld også ved besøk utanfor institusjonen.

Me vil tilpassa reglane for pårørande til pasientar som er i sluttfasen av livet. 

Besøk ved institusjonar må være avtalt på førehand
Me ber deg som besøkande om å ringa til avdelinga i forkant for å avtala besøkstid.

Visittider på institusjonane våre
Korttids-/rehabiliteringsavdelinga på Sivdamheimen 2. etasje har fast visittid:  
Klokka 13.00-14.00 og 17.30-18.30 kvar dag. 

Langtidsavdelingane har ikkje fast visittid.

Hjelp med digitale verktøy

Pårørande som ønsker kontakt med den du kjenner på våre institusjonar via digitale kanalar som Skype, FaceTime, Teams eller liknande kan ta kontakt med avdelinga. Me har ikkje utstyr tilgjengeleg for dette, men kan hjelpa våre pasientar dersom pårørande leverer for eksempel ipad som vedkommande kan bruka.