Plan for vaksinering i Time
Fastlegane vil vaksinera sine eigne listeinnbyggarar i den prioriterte rekkefylgja som Folkehelseinstituttet har bestemt. Det er ikkje nødvendig å kontakta legekontoret for å sikra deg plass, eller for å få vaksinen raskare. Legekontoret vil ta kontakt med deg når det er din tur.
Legesentera vil gje tilbod om vaksinasjon til alle sine fastlegepasientar, også dei som som er innbyggarar i andre kommunar. Det vil vera kommunikasjon mellom kommunane om dette. Innbyggarar i Time som har fastlege i annan kommune vert fanga opp og får tilbod på lik linje som dei med fastlege i Time.
Time får ei begrensa mengd vaksinedosar kvar veke, det kan derfor ta noko tid før du vert kontakta. Det kan verta endringar i vaksinasjonsorganiseringa dersom kommunen får fleire vaksinar om gongen. Me vil i så fall gi informasjon om dette.
Per no er tidsplanen for vaksinering i Time slik:
- I veke 1-3 vert vaksinen gitt til bebuarar på institusjonar og bufellesskap.
- I veke 3 vil me vaksinera utvalde helsepersonellgrupper etter føringar frå FHI.
- Frå veke 4 vil vaksinen bli gitt til personar over 85 år. Dette vil ta fleire veker. Deretter vil det vera dei mellom 75 - 85 år sin tur.
Det kan gå fleire månader før personar under 65 år som ikkje er i risikogruppene vil få tilbod om vaksine.
Brev til alle over 65 år
I veke 2 sende me brev til alle over 65 år som er folkeregistrert i Time. Dette brevet kan du lesa her:
Informasjon om koronavaksinen til alle over 65 år (PDF, 13 kB)
Informasjon om vaksinen
Informasjon om koronavaksinen Comirnaty frå Biontech/Pfizer