Gjenopning

Fleire av tilboda våre stengde 12. mars, men ein god del av dei har opna opp igjen etter kvart som samfunnet gradvis har opna opp igjen.

  • Time bibliotek og Bryne kino held ope med redusert tilbod
  • Bryne Mølle er opna for øving, men er stengt for publikumsretta aktivitet til over sommaren
  • Garborgheimen og Knudaheio er opna. Opningstider vert annonsert på nettsida til Garborgsenteret
  • Fotland mølle, Fotland kraftstasjon og Time bygdemuseum er stengde til over sommaren
  • Træe på Line held ope sundagar i sommar fram til og med 16. august
  • Bryne symjehall og Sivdammen helsebasseng held stengt for publikumsbading til over sommaren
  • Dei kommunale idrettshallane og gymsalen på Bryne ungdomsskule er opna for trening
  • Sivdammen kafe og velferdssenter er stengt inntil vidare
  • Svendsenhuset er stengt inntil vidare
  • Frisklivssentralen er stengt inntil vidare