Kontaktkonferansen 2018: «Kunsten å lede frivillige»

kkonferanse.jpg - Klikk for stort bilete

Onsdag 28. februar kl. 18.00 vert alle lag og organisasjonar i Time invitert til konferanse i klubbhuset til Hognestad IL på Hognestad. 

 

Kontaktkonferansen vert arrangert kvart år, og er eit treffpunkt mellom politikarar og det frivillige organisasjonslivet i kommunen.

 

Me håpar på mange deltakarar frå det frivillige organisasjonslivet og dei politiske partia slik at dette kan bli ein inspirerande og interessant konferanse.

 

Stad: Hognestad IL sitt klubbhus
Tid: Onsdag 28. februar kl. 18.00

 

PROGRAM
Kl. 18.00 Opning ved Jone Edland, nestleiar i Levekår, Time kommune


Kl. 18.10 Presentasjon av Hognestad IL


Tom Åge Myhren, Oppmuntringstilsyn. - Klikk for stort bileteTom Åge Myhren, Oppmuntringstilsyn. Kl. 18.30 «Kunsten å lede frivillige»
Inspirasjonsforedrag med Tom Åge Myhren, «Oppmuntringstilsyn» og eks. «Lucky Næroset».


Kl. 19.30 Pause m/enkel servering


Kl. 20.00 Rådmannens kvarter. Frivilligheten og kommunen - kva kan vi få til i lag, ved Trygve Apeland


Kl. 20.15 Informasjon om tilskotsordningar o.l. i Time kommune, v/fritidssjef Stian Langeland og rådgjevar Ingve Lende.


Kl. 20.30 Avslutting v/leiar av Levekår i Time kommune, Unni Sirevåg Lende.

 


PÅMELDING
Påmelding til Stian Langeland innan 23. februar 2018.
Epost: stian.langeland@time.kommune.no eller tlf. 908 23 450

Publisert av Ingve Lende. Ansvarleg Stian Langeland. Sist endra 09.02.2018
Fann du det du leita etter?