Kan barna leika ute?

At barna i barnehagen leikar fritt ute og at dei søv ute i vogn skapa stor undring for ein delegasjon frå Sør-Korea som besøkte Kvernaland barnehage  

besøk i Kvernaland barnehage.jpg - Klikk for stort bilete

Kvernaland barnehage er med i eit internasjonalt prosjekt "Erasmus+ sman med barnehagar frå Sverige, Finland, Estland og Spania.  Prosjektet heiter OUT NOW og dei tilsette utvekslar idear til leikar og aktivitetar ute i naturen. 

I forbindelse med dette prosjektet vart Kvernaland barnehage kontakta av "the faculty of Jeollanamdo Office of Education in South Korea".  Dei har vore på besøk i barnehagen og viste stor interesse for norsk barnehagedrift og måten det vert jobba med barn og bruk av naturen.   Delegasjonen frå Sør Korea var imponerte over det dei såg.  Dei syntes det var spennande å høyra om at barna søv ute i vognene sine og at dei fritt kan leika ute.  Det fortalde og at det er uvanleg at dei vaksne er smana med barna i leiken i deira land.

 

Tidlegare har tilsette i Kvernaland barnehage hatt besøk av og besøkt barnehagar i Sverige og Finland.  Denne hausten skal dei til barnehagar i Spania for å utveskla idear og erfaringar derfrå.

 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Maria Tjaum Eimstad. Sist endra 14.09.2018
Fann du det du leita etter?