IVAR tek i bruk ny vasskjelde

Romsvatn  - Klikk for stort bilete

På grunn av lite nedbør, mindre vatn i vasskjeldene og høgt vassforbruk, tek IVAR nå i bruk reservevasskjelda Hagavatn.  

Sjølv om det har kome noko nedbør er IVAR framleis opptatt av å nytta vassressursane best mogleg og å redusera nedtapping av Romsvatn og Storevatn. Derfor tar IVAR nå i bruk reservekjelda Hagavatn som vil forsyna kommunane Time, Hå og Klepp med drikkevatn. 

I forbindelse med innkopling av Hagavatn kan abonnentene i ein periode oppleva misfarga vatn. Dette vil vera forbigåande og vatnet er likevel trygt å drikka.  

Innkoplinga skjer torsdag 2. august. For særleg interesserte kan me opplysa at vatnet frå Hagavatn kan ha ein meir ustabil ph-verdi enn me er vane med og at kalsiuminnhaldet vil vera lågare.

Me minner om at det generelle vatningsforbodet framleis gjeld. IVAR vil saman med kommunane gje beskjed når vatningsforbodet kan opphevast.  

 

 

 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Anne Kerstine LIndvang. Sist endra 31.07.2018
Fann du det du leita etter?