HPV-vaksine til alle kvinner fødde i 1991 eller seinare

Banner_vaksine.jpg - Klikk for stort bilete

Alle kvinner fødde i 1991 og seinare får  frå hausten 2016 tilbod om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram.
 

Vaksinen vert anbefalt til unge kvinner for å førebyggja livmorhalskreft og forstadie til livmorhalskreft grunna HPF-infeksjon.
 

HPV-infeksjon er den vanligaste seksuelt overførbare infeksjonar i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive vert smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder. Infeksjonar er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men nokre får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føra til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65-100 døyr av sjukdommen. Vaksinen kan beskytta sjølv om ein har debutert seksuelt.
 

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7. klasse sidan 2009. Uvaksinerte kvinner fødde i 1991 og seinare får tilbod om gratis HPV-vaksine. Tilbodet er mellombels og varer i ein toårsperiode fram til utgangen av 2018. Vaksinasjonen består av tre vaksinedosar gjevne i løpet av 6-12 månedar og må derfor startast opp innan utgangen av 2018.

 

I Time kommune vil me gje tilbod om HPF-vaksine på Bryne helsestasjon.


Du kan ta kontakt på telefon: 414 24 595 tysdag-torsdag mellom kl 12.00-13.30 for å avtala tid.


Eller skriv mail til: hpv.vaksine@time.kommune.no

 

I veke 44 vil alle kvinner fødde desse åra få sms-varsling frå folkehelseinstituttet med tilbod om vaksinen.

Mer informasjon om HPV og HPV-vaksine: 

Folkehelseinstituttets nettside

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Elin Barane Helland. Sist endra 30.10.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering