Forbod mot å vatna med hageslange

Vannspreiar - Klikk for stort bilete Julie Steinskog Ueland

Frå og med tysdag 10. juli er det ikkje lov å vatna med hageslange, dryppslange, spreiar eller anna utstyr til vatning og vasking som krever større mengdar vatn. Forbodet gjeld både private og bedrifter, og også offentlege areal.

Etter ein lang periode med lite nedbør har IVAR tilrådd at forbod vert innført. Dette skjer for å sikra nok vatn til alle innbyggjarar og for at me skal ha nok tilgjengeleg vatn om det skulle oppstå brannar.

 

Vatning med kanne er lov.

 

Forbodet gjeld inntil nytt varsel vert gitt.

 

Meir informasjon finn du på www.ivar.no

 

 

 

 

Publisert av Odd Ivar Nese. Ansvarleg Bjørn Meling. Sist endra 13.07.2018
Fann du det du leita etter?