Er du førebudd på...?

Eigenberedskap ved krise (DIREKTORATET FOR SAMFUNNSSIKKERHET OG BEREDSKAP (DSB)) - Klikk for stort bilete

 

 

Om ei stor krise skulle inntreffa er det bra om flest mogleg av innbyggjarane i Time er førebudd.

 

Me bur i eit trygt og stabilt samfunn der me er vant med at det meste fungerer som det skal. Det er allikevel mogleg at vi vert ramma av naturkatastrofer eller store ulykker som skader viktige samfunnsfunksjoner som straum, mobilnett, internett, transport, vatn og avløp. Det er derfor lurt å gjera nokre enkle grep slik at du har det du treng i tre dagar om noko skulle skje.

 

- Når samfunnet vert ramma av ei stor hending eller krise, er det mange som treng hjelp. Om fleire av oss er i stand til å ta vare på seg sjølv og dei rundt oss ved ei slik hending, kan hjelpa bli satt inn der behovet er størst. På denne måten er kvar enkelt ein del av Time og Norge sin beredskap, seier kommuneoverlege Øystein Fjetland Øgaard.

 

Jodtablettar
Eit av tiltaka han anbefalar er at alle under 40 år bør ha jodtablettar heime, og privatpersonar kan nå kjøpa dette reseptfritt på apotek. Time kommune vil i løpet av 1. kvartal få på plass jodtablettar som barn og unge kan få utdelt i barnehagar og skular i tilfelle radioaktivt utslepp.

 

Eigenberedskap
Hausten 2018 har Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap hatt kampanjen "Du er en del av Norges beredskap". Målsettinga med kampanjen har vore å betra folk sin eigenberedskap.

 

Kampanjen fokuserar på kva enkeltpersonar bør ha tenkt gjennom dersom straumen blir borte i fleire dagar, mobilnettet sluttar å virke, vatnet er stengt eller det blir vanskeleg å få tak i nødvendig varer. Det vert anbefalt at alle har eit lite beredskapslager med mellom anna mat og vatn. Fullstendig liste over kva som vert anbefalt finn du her: Råd om eigenberedskap

 

Du kan lesa meir om jod her: Statens strålevern si informasjonsside om jod

 

Du finn meir informasjon om beredskap her: Sikker hverdag

Publisert av Odd Ivar Nese. Ansvarleg Anne Reidun Garpestad. Sist endra 04.12.2018
Fann du det du leita etter?