"Bli kjent-dag" for lærlingar

Me har hatt "bli kjent dag" for alle som skal byrja som lærling i Time kommune. Treffstad var kjellaren på Bryne Mølle.

alle nye lærlinger.jpg - Klikk for stort bilete Gry Kirsti Sirevåg

I august byrjar 15 nye lærlingar i kommunen. 8 som barne- og ungdomsarbeidar og 7 som helsefagarbeidar-lærling. Formålet med denne dagen er å la lærlingane få helsa på kvarandre, høyra om forventningar og plikter i arbeidslivet. Me var innom fleire forskjellige tema som er aktuelle i arbeidslivet.

To av første års lærlingane i barne- og ungdomsarbeidarfaget , Sandra og Aselina, har praksisen sin på Bryne Mølle i ungdomskjelleren  Dei hadde fått i oppdrag å lage ein aktivitet for dei nye lærlingane, noko dei løyste svært kreativt. Det var forskjellige poster og oppgaver alle måtte gjennom.

Dagen vart avslutta med underskriving av lærekontraktane og pizza.

Tilbakemeldingane frå deltagarane var at det var kjekt å treffast og få litt innblikk i arbeidslivet,  og korleis det er  å vera lærling i Time kommune.

Fire av dei nye lærlingane kunne dessverre ikkje vera med oss denne dagen då dei skulle opp til eksamen.

Barne- og ungdomsarbeidarlæringane Sandra og Aselina på Bryne Mølle - Klikk for stort bileteBarne- og ungdomsarbeidarlæringane Sandra og Aselina på Bryne Mølle Gry Kirsti Sirevåg Ein av aktivitetane lærlingane måtte gjera var å barbera ein ballong. - Klikk for stort bileteEin av aktivitetane lærlingane måtte gjera var å barbera ein ballong. Gry Kirsti Sirevåg Mat på en ha. Pizza fra pizzabakeren. - Klikk for stort bileteMat på en ha. Pizza fra pizzabakeren. Gry Kirsti Sirevåg
Publisert av Gry Kirsti Sirevåg. Sist endra 18.06.2018
Fann du det du leita etter?