Avlingssvikt? Søk erstatning

Alle som har rett på produksjonstilskot og kan dokumentera vesentleg svikt i avlingane på fulldyrka og overflatedyrka jord på grunn av tørken i år, kan søka erstatning.

Det er skade ut over 30 prosent av gjennomsnittet som kan erstattast. I produksjonar der avlinga blir selt, til dømes korn og potet, vil gjennomsnittsavlinga bli berekna over fem år. Av dei seks siste åra vel søkar kva fem år som skal inngå i berekninga. Dei som driv med grovfôrproduksjon og husdyr, får årets avling vurdert opp mot ei fastsett normavling for kommunen.

 

Søknadsfrist og nødvendig dokumentasjon

Dei som har avlingsskade må melda dette til kommunen så snart dei blir klar over skaden. Dette kan gjerast ved å kontakta landbrukskontoret eller senda e-post til Postmottak@time.kommune.no. Merk e-posten med avlingsskade. Siste frist for å levera sjølve søknaden om erstatning er 31. oktober 2018.


På Fylkesmannen sine nettsider er det lagt ut meir informasjon, m.a. om moglegheita for å kunna søka om forskotsutbetaling: https://www.fylkesmannen.no/Rogaland/Landbruk-og-mat/Jordbruk/tenker-du-a-sokje-om-erstatning-for-avlingssvikt-pa-grovfor/


På Landbruksdirektoratet sine nettsider finn ein og mer informasjon om ordninga: https://www.landbruksdirektoratet.no/no/erstatning/klimabetingende-skader/avlingssvikt


Ta gjerne kontakt med landbrukskontoret om du har spørsmål i samband med erstatningsordninga.
 

Publisert av Ingve Lende. Ansvarleg Jon Egil Jakobsen. Sist endra 13.08.2018
Fann du det du leita etter?