Alnwick-besøk til Time og potetfestivalen

Besøk frå Alnwick.JPG - Klikk for stort bilete

Denne helga har kommunen besøk frå den engelske vennskapskommunen Alnwick. Gjestene skal i løpet av desse dagane få med seg både gråtassparade, Bryne vidaregåande skule, Midgardsormen og kommunale bygg og tenester. 

Vennskapssamarbeidet mellom Time og Alnwick går 31 år tilbake. Det oppstod som eit vennskap mellom innbyggarar med tilknytting til Bryne skulekorps og innbyggjarar i Alnwick by. Sidan har både kommunane og dei som kallar seg Friends of Bryne-Alnwick halde kontakten både formelt og uformelt.
 

Varaordførar i Time, Sverre Risa, er vertskap for den engelske delegasjonen, som består av varaordførar George Mavin, kommunestyremedlem Charles Westendarp og rådmann Bill Batey.
 

I løpet av helga får gjestene oppleva potetfestivalen sine arrangement “Bonden og kokken” og “Gråtassparade”, og dei vil få omvising i biblioteket, Nasjonalt Garborgsenter,  Møllekjellaren, Kvernaland omsorgssenter, Bryne vidaregåande skule. Vandringar til Midgardsormen, på Orrestranda og ein rundtur i kommunen står også på programmet. 

 

Internasjonal strategi  (PDF, 11 MB)

Publisert av Elin Wetås de Jara. Sist endra 06.10.2017
Fann du det du leita etter?