Vis omsyn til måkene i hekketida

Hugs at dyr og fuglar har krav på fred til å bringa fram ungane sine. Det er derfor ikkje lov å skada eller øydelegga reir, egg eller ungar i hekketida som er frå våren til og med august. Om ein gjer dette vert det rekna som alvorleg faunakriminalitet.

Klikk for stort bilete Ingve Kindervaag

Naturmangfoldloven og dyrevelferdsloven seier at dyr skal behandlas bra, og ikkje utsettast for unødig stress eller skade. Dette gjeld også dyra sine reir, hi og bo.

Måker

Måkene gjer sitt beste for å forsvara eigne egg og ungar. Måten dei gjer dette på kan oppfattast som aggresivt, men det er sjeldan at dei går til angrep på menneske. Om du vert plaga av måkereir på eigedommen din, kan du dekka til dei moglege hekkeplassane om hausten eller vinteren i god tid før neste hekking som er i mars/april. Pass på at du ikkje gjer dette på ein måte som kan skada fuglane.

Mange av måkeartane er trua, og vestlandet er eit spesielt viktig hekkeområde for dei. Det er derfor viktig å akseptera at måkene og andre fuglar er ein del av naturen som omgir oss, og sjå på det som noko positivt dei vekene dei bringer fram ein ny generasjon.

Måke - Klikk for stort bilete Ingve Kindervaag