819 innbyggarar melde seg på konkurransen, som vart utlyst 18. oktober, om å få servert gratis middag av verdsmeister i kokkekunst, Aron Espeland.
Det var ordførar og kommunedirektør som inviterte til middagen, som vil føregå på Time rådhus onsdag 8. november kl. 19.
Espeland, som nyleg vart nummer 3 i konkurransen Årets kokk, og som vann verdsmeisterskapet for unge kokkar i 2022, vil denne kvelden diska opp med ein herleg, hemmeleg 3-rettars meny.
Middagen er ei takk til Time kommune frå Espeland, etter at formannskapet i vår støtta han med 150 000 kroner til deltaking i Årets kokk.
15 vinnarar er nå tilfeldig trekt ut, og kvar av desse får ha med seg eitt følge kvar.
Vinnarane vert kontakta direkte for meir informasjon om kvelden.
Vinnarar:
- Joakim Grødem Mageland
- Tordis Sandvik
- Tor Jakob Dysjaland
- Siv Lene Madsgård
- Harald Lura
- Merethe Aarstad Rasmussen
- Lene Berberg Torkildsen
- Egil Oftedal
- Ørjan Lie
- Gry Schiltz Johnsen
- Venke Tjensvoll
- Ingvild Haaverstad
- Halvard Lyngra
- Christine Salte
- Harald Olsen
-
Tusen takk til alle som viste interesse for å vera med!