Vil du verta treningskontakt?

Er du interessert i fysisk aktivitet, friluftsliv og arbeid med menneske? Då er kanskje det å verta treningskontakt vera noko for deg.

Time kommune treng fleire treningskontaktar.

Ein treningskontakt bidreg til at menneske med psykiske lidingar og/ eller rusmiddelutfordringar kan vera i regelmessig fysisk aktivitet. 

Alle treningskontaktar må delta på kurs før dei kan starta i oppdrag. Målet med kurset er å utdanna treningskontaktar som saman med brukaren kan skapa ei positiv oppleving rundt fysisk aktivitet, og å kunna planlegga aktivitetar og turar ut frå den enkelte brukaren sine behov og evner.

Treningskontaktane må vera busett i Klepp, Time, Gjesdal eller Hå kommune. 

Kursdatoar er 22 og 23 oktober 2022.

Kurset går over 2 dagar frå kl. 08.30 - 15.30.

Kan dette vera noko for deg? Send ein søkndag til kontaktperson for treningskontaktar i Time kommune; 

Helen Bruntveit, helen.bruntveit@time.kommune.no tlf. 92231714,

I søknaden på du oppgje namn, adresse, telefonnummer, fødselsdato og skriva kort om kvifor du ønsker å verta treningskontakt. Så vil me kontakte deg for å avtala eit intervju. 

Søknadsfrist: 23.09.22.