Vil du verta fritidskontakt?  

Me treng fleire som vil vera fritidskontakt. Det å vera fritidskontakt er eit givande arbeid, der du får lov å gjer ein stor forskjell for nokon som treng det.  

Kven treng fritidskontakt:  

Personar som av ulike årsaker treng litt hjelp til å vera sosiale og få eit kjekt innhald på fritida. Dette er personar i alle aldrar. Aktivitetane ein gjer saman kan vera å gå tur, følge/ledsage på ulike fritidsaktivitetar som for eksempel idrett og kulturskule, gå på kino, konsertar eller kafé. 

Det som er viktig er at det er aktivitetar som begge partar er interesserte i. Derfor vert oppdraget alltid starta opp med eit fyrste møte mellom fritidskontakt og den som treng det, der ein kan finna ut om det er kjemi og at ein har litt av dei same interessene.  

Kven kan verta fritidskontakt: 

  • du må vera over 16 år 
  • ha interesse av å jobba med menneske 
  • vera omsorgsfull, påliteleg og halda avtalar 
  • vera trygg i oppgåva 

Kva arbeidsoppgåver har ein fritidskontakt: 

  • du skal bidra til å gje ein person ei meiningsfull fritid 
  • arbeidstida vert avtala med den du er fritidskontakt for 
  • oppdraget vil vera frå 2-4 timar per veke 
  • du kan vera fritidskontakt for fleire, men har berre eit oppdrag om gongen
  • du får ein oppdragsavtale og vert lønna av Time kommune 

Tykkjer du dette verkar interessant? Meld di interesse her: 

Søknadsskjema for fritidskontakt

Treng du meir informasjon eller lurer på noko kan du også ringa Teneste- og samordingskontoret på tlf. 476 08 160.