Vil du få servert gratis middag av ein kokk i verdsklasse?

Ordførar og kommunedirektør ønsker å invitera 30 innbyggarar til middag laga av verdsmeister i kokkekunst, Aron Espeland. Alle som har lyst å vera med, kan delta i trekninga om plass rundt bordet. 

– Me håper at mange har lyst å vera med på det me trur vert ein veldig gild kveld med fantastisk mat, seier ordførar i Time, Andreas Vollsund.    

Onsdag 8. november inviterer ordførar og kommunedirektør til ein heilt spesiell middag i kantina på Time rådhus.   

Aron Espeland, som nyleg vart nummer 3 i konkurransen Årets kokk, og som vann verdsmeisterskapet for unge kokkar i 2022, vil denne kvelden diska opp med ein herleg 3-rettars meny. 

kommunedirektør, Aron Espeland og ordførar samla - Klikk for stort bileteKommunedirektør Trygve Apeland og ordførar Andreas Vollsund heia fram Aron Espeland under konkurransen "Årets kokk" 18. september.

Ei takk

Middagen er ei takk til Time kommune frå Espeland, etter at formannskapet i vår støtta han med 150 000 kroner til deltaking i Årets kokk.   

Alle innbyggarar som har lyst til å vera med på middagen, har same moglegheita til å sikra seg ein plass rundt bordet: Dei som ønsker å delta, må senda inn påmeldingsskjema innan 1. november. 

Kommunen trekk så ut 15 tilfeldige påmelde og kvar vinnar får ta med seg eitt følgje kvar.     

Vinnarane vert annonsert på Time kommune si nettside 2. november, samt kontakta direkte.   

Sjølve middagen startar kl. 19.00 og varer til ca. 22.00 onsdag 8. november.   

– Me gler oss skikkeleg og er spente på kven me får selskap av rundt bordet. Eg er sikker på at det vert ein minneverdig kveld for alle som blir med, seier ordføraren.  

I tillegg til mat i verdsklasse – vil kvelden bestå av god drøs og innslag med underhaldning.    

Det er mogleg å vera med sjølv om du har allergiar, men hugs å melda frå om desse på førehand. 

Arrangementet er alkoholfritt og heilt gratis for deltakarane. 

Eg vil vera med på middagen