Vert du med på årets Sykle til jobben-aksjon?

Alle som bur eller jobbar i Time kommune er inviterte til å vera med på årets Sykle til jobben-aksjon.
Klikk for stort bilete

Time kommune er saman med Syklistenes landsforening og Bryne næringsforening om årets Sykle til jobben-aksjon. Sykle til jobben vert arrangert av Bedriftsidretten.  Time kommune er ein gratiskommune, noko som betyr at alle som jobbar eller bur i Time kommune kan melda seg på. Meld på lag eller enkeltpersonar via denne lenka.
All aktivitet tel, og du får poeng for medgått tid med aktivitet.  Her kan du sjå korleis du får poeng.

Torsdag 25. april vil det vera avspark for aksjonen på Coffee Berry kl. 17.00 - 20.00.  Her vil Paahjul sykkelverksted vera til stades og koma med gode råd for stell og vedlikehald av sykkelen din. Det vil også vera mogleg å melda seg på aksjonen under arrangementet.