Verdig markering

Klikk for stort bilete Etter dei tragiske hendingane i Marokko vart det avholdt ei markering på Bryne torg fredag 21. desember.

 

Markeringa starta med eit fakkeltog frå Kaizersplassen, gjennom Storgata og opp til Bryne torg. Dei omlag 500 personane som deltok fekk høyra appellar frå Bjørn Søyland frå politiet, sogneprest Stein Ødegård, Thor Inge Sveinsvoll frå Røde Kors, og ordførar Reinert Kverneland. Det vart også halde eit minutts stilhet. Markeringa vart avslutta med song frå Hilde Selvikvåg.

Markeringa vart arrangert av Time kommune i samarbeid med lokalt næringsliv, lag- og organisasjonar og kyrkja.