Ver forsiktig med bruk av eld utandørs

Brannvesenet melder om at me må vera forsiktige med bruk av eld utandørs
Klikk for stort bilete

Det fine veret den sista tida har ført til at det er svært tørt i gamalt gras, visne planter og lyng.   https://www.rogbr.no/brannvesenet

Hugs at utandørs brenning skal meldast til brannvesenet før brenning. Gjeld ikkje grilling og kaffebål.

Time kommune har eiga forskrift som regulerer kva som er lov og ikkje når det gjeld open brenning og brenning av avfall i småovnar. Føremålet er å hindra forureining og sikra at ukontrollerte brannar ikkje oppstår.