Velkommen til Kløverkafe for pårørande

Bilde av spisesal på Sivdamsenteret - Klikk for stort bilete Sanitetskvinnene i Time og Time kommune inviterer til Kløverkafe for pårørande 14. september og 26. oktober.

Sanitetskvinnene i Time og Time kommune har eit samarbeidsprosjekt for pårørande og inviterer til kafe for pårørande for personar som er heimebuande og hjelpetrengande. 

«Kløverkafe» er eit tilbod med foredrag av ein fagperson og moglegheit til å treffa andre pårørande. Det blir sal av kaffe og kake.

«Kløverkafe» varar 2 timar og det er mogeleg å stilla spørsmål og ha det sosialt. Sjølve foredraget varer rundt 45 minutt. 

Stad: Sivdamsenteret i Røyrvika 10 på Bryne

Fast tidspunkt: kl. 19.00-21.00

Program

14.09.2022  Sorg og sorgreaksjon er ein del av livet v/Nils Garborg Reiten.

Garborg Reiten er veldig glad i den gode samtalen. Han trur det er viktig å våga å visa alle sidene av seg sjølv, at me vågar å visa sårbarheit. Han er utdanna vernepleiar og arbeider innan psykiatri i Klepp kommune. 

26.10.2022  Ernæringriktig mat for økt livskvalitet v/Else Marit Undheim.

Undheim er spesialhjelpepleiar i Time kommue. God og heimelaga mat servert i hyggelege omgjevanadar er høgt prioritert av henne og kollegaer av henne. Dei kan vise til oppsiktsvekkjande resultater av eit unikt kosthaldsprosjekt. Gradvis førte dette til eit innovasjonsprosjekt.

Pårørande – kom og få påfyll for å styrka deg sjølv!