Vedlikehald av vassvegetasjonen i Frøylandsvatnet

Arbeid med å hindra tilgroing i Frøylandsvatnet vil starta i veke 9
Klikk for stort bilete

Time kommune vil utføra eit arbeid med å vedlikehalda vassvegetasjonen i Frøylandsvatnet.  Formålet med arbeidet er å betra utløpet i vatnet, samt vedlikehald for å hindra tilgroing av siv i området.

Arbeidet startar i veke 9 og me reknar med at arbeidet vil ta om lag to veker.  Arbeidet vil foregå frå båt på dagtid.  Det er verforbehold for arbeidet.