Vasslekkasje på rådhuset

Natt til laurdag var det ein stor vasslekkasje i den eldste delen av rådhuset. Klikk for stort bilete 

Sjølv om fem etasjar og over 40 kontor vart ramma vil me ha ope som vanleg på måndag.

Lekkasjen vart oppdaga av ein tilsett  ca kl. 10 laurdag føremiddag, og brannvesenet vart varsla med ein gong. I løpet av helga er det gjort eit omfattande arbeid med å avgrensa skadane.

Drifta vil gå som normalt, og besøkande til rådhuset kan møta hos Innbyggarservice som vanleg.