Vårryddedagen 13. mars

Ingen kan ta alt - men alle kan ta litt 

Klikk for stort bileteUt på tur Ingve Lende  

Ta ein tur og ver med på Vårryddedagen laurdag 13. mars. 
Ver med å halda Time kommune fri for søppel på den nasjonale ryddedugnaden Vårryddedagen 2021, den 13. mars. Søppelplukking kan gjerne kombinerast med ein tur i eit av dei fine friluftsområda i Time.  Du kan henta plukkesekker, både store og små, hos Innbyggarservice i rådhuset.  Her er det ope kl. 09.00-15.00.  Time kommune vil plassera ein konteinar utanfor rådhuset (mellom rådhuset og Storstova) der kan du kasta det søppelet du har plukka.  Konteinaren vil verta ståande søndag 14. mars også.  Hugs å ta smittevernomsyn. 

På nettsida Rydde kan du sjå kor andre har plukka og registrera område der du har plukka.  

På denne nettsida får du meir informasjon om Vårryddedagen