Vaksinering av 16- og 17-åringar

Anita Stokdal Alle 16- og 17 åringar i Time, Klepp og Hå vil dei neste vekene få tilbod om koronavaksine.

Folkehelseinstituttet anbefalar at at 16- og 17-åringar får tilbod om koronavaksine. I kommunane på Jæren vil derfor alle som er født i 2004 og 2005 få tilbod om dette dei neste vekene.

Alle elevar ved Tryggheim, Øksnevad og Bryne vidaregåande skular (uavhengig av kva kommune du høyrer til) vil få tilbod om vaksine via skulen sin. Kvar enkelt elev vil få informasjon frå skulen om korleis dette vil foregå.

- Me ønsker å gjera det enklast mogleg for 16- og 17-åringane å få vaksine, og har derfor fått til ei ordning der dei får tilbod om dette via skulen sin, seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Dei som ikkje har fylt 16 år, må ha med samtykkeskjema med samtykke frå begge føresette.  (PDF, 104 kB)

Dei som ikkje er elev ved desse skulane, eller som ikkje er under utdanning, får tilbod frå kommunen der dei bur. For dei dette gjeld som bur i Time vert tilbodet slik:

  • Drop-in vaksinering i Timehallen 26. august og 2. september mellom 09.00 – 14.00.
  • Det er bare 16- og 17-åringar som får vaksine denne dagen.
  • Alle må ta med legitimasjon.
  • Dei som endå ikkje har blitt 16 år må ha med samtykkeskjema med samtykke frå begge føresette (sjå link over)
  • Dei som ikkje har moglegheit til å møta på drop-in kan ringa vaksinetelefonen for å bestilla time. Telefon: 51 77 62 70. Telefontid: kvardagar kl. 09.00-15.00