Vaksinasjon av helsepersonell

Denne veka vaksinerer med helsepersonell i tråd med føringanefrå Folkehelseinstituttet Ei som får vaksine - Klikk for stort bileteKlikk for stort bilete
    

Kommunane kan bruka inntil 20 prosent av vaksinedosane på helsepersonell. Denne veka har me derfor gitt vaksinen til ein del av helsepersonellet vårt. Først ut var vernepleiar Astrid Malmin. Ho fekk vaksinen av sjukepleiar Thea Eveline T. Haugstad, som også fekk vaksinen på tysdag:

- Det er viktig å ta vaksinen slik at samfunnet kjem tilbake til normalen igjen, sa dei to etter å ha fått vaksinen. 

I veke 1-3 har me vaksinert bebuarar på institusjonar og bufellesskap. Frå veke 4 vil det vera innbyggarar over 85 år som får vaksinen.

Les meir om koronavaksinen i Time her: https://www.time.kommune.no/koronapandemien-covid-19/koronavaksinen/