Vaketeneste i Time kommune

Som frivillig i Vaketenesta sit du hos ein person som er ved livets slutt. 
Klikk for stort bilete 

Oppgåva for dei frivillige i Vaketenesta er å skapa ro og nærvær for pårørande og deira kjære i livets siste fase. Er det pårørande til stades, kan di omsorg vera med til å gje dei tryggheit i ein vanskeleg situasjon. 

Som frivillig er du ein avlastar når pårørande ikkje er til stades, men du er ikkje ei erstatning for personalet.
Du vil få tilbod om kurs, og får moglegheit til å vera med i team-møte. For å vera frivillig i Vaketenesta må du vera ein moden person og ha eit avklart forhold til døden samt ha fullført kurset for Vaketenesta.

Din innsats er frivillig og ulønna, men at du er til stades kan bety utruleg mykje for pårørande og deira kjære.
Tilbodet er eit samarbeid mellom frivilligkoordinator, Frivilligsentralen, diakon og helsepersonalet i institusjonane i Time kommune.

Er dette ei oppgåve du kan tenka deg å bidra til, ta kontakt med frivilligkoordinator
Anita Morales Stokdal, telefon 901 55 337 eller e-post anita.m.stokdal@time.kommune.no