Tusen takk for bokgåva!

Me i Time kommune vil gjerne takka Jæren Forlag for dei flotte bøkene gitt til oss i gåve.Klikk for stort bilete  

Mange eldre gleder seg over å ha fått boka Jærstubbar skreve av Thorvald Thu i gåve frå Jæren Forlag. Boka er med på å skape ein mindre einsam og meir givande kvardag for eldre. Fleire eldre mimrar tilbake til ei oppvekst saman med sjølvaste Thorvald.

Me er takksame for at Jæren Forlag har valt å bidra med desse bøkene, spesielt i desse forunderlege tider. Tusen takk til Jæren Forlag frå alle oss i Time kommune.