Tursti ved Frøylandsvatnet blir stengt grunna gravearbeid

Delar av turstien blir stengt i perioden fredag 27. mai til tysdag 31. mai.

Bildet av tursti rundt Frøylandsvatnet - Klikk for stort bilete Linn Iren Nilsen Oppedal  

For å sikra forsyninga av reint drikkevatn til regionen, skal IVAR IKS legga ny hovudvassleidning. Prosjektet, som heiter “Ny hovedvannledning vest”, har nå kome til Frøylandsvatnet. Noko av arbeidet vil i periodar stenga delar av turstien rundt vatnet.  

 

Stengt tursti i perioden 27. - 31. mai 

Turstien og undergangen i Engelsvåg i Klepp kommune blir heilt stengt siste helga i mai, og det blir ikkje mogleg å passera desse dagane. Gåande og syklande blir difor bedt om å nytta alternativ rute rundt Øksnavad i strekket mellom BMX-banen i nordre del av Frøylandsvatnet, fram til dei i vestre del kan kopla seg på turstien igjen, rett sør for Båtatangen klatrepark.

Entreprenøren vil setta opp skilt som viser omkøyringa under stenginga av turstien .  

 

Tunell under jernbanelinja 

Årsaka til stenginga er IVAR IKS sitt arbeid med den nye hovudvassleidninga. I denne tidsperioden skal det lagast ein tunnel som røyrleidningane seinare skal leggast i. Tunellen går under jernbanelinja i Engelsvåg, nord for Klepp stasjon.  

Arbeidet skal gjerast i ein periode kor jernbanen er stengd grunna andre utbetringar, og IVAR KS har fått løyve til å arbeida samtidig med dette. Det vil difor bli arbeida både dag og natt gjennom heile helga.  

 

Sveising av røyrleidningar 

I dei komande månadane blir det òg aktivitet på inngjerda anleggsplass på Kverneland. Her skal røyrleidningane sveisast og flyttast ut på vatnet. Røyrleidninga vil flyta på Frøylandsvatnet til ho skal senkast i ein planlagd trasé.  

Sjølve senkinga vil skje i haust. Den nye hovudvassleidninga som kryssar vatnet blir totalt 2,2 kilometer lang.  

Samstundes skal det sveisast to mindre røyrleidningar som skal koplast på ventilkammeret som IVAR IKS har etablert i Engelsvåg. Desse leidningane vil òg flyta på Frøylandsvatnet før dei vert senka.  

Det er viktig at du held god avstand til dei flytande leidningane dersom du nyttar vatnet til kano, båt, kajakk eller liknande aktivitet. Leidningane blir merka med bøyer og beskjed om å halde avstand.  

 

Om prosjektet:  

Arbeidet med ny hovudvassleidning blir leia av IVAR IKS, eit interkommunalt selskap eigd av tolv kommunar i Rogaland. Prosjektet heiter “Ny hovedvannledning vest”, og skal i likskap med eksisterande hovudvassleidning gå frå Langevatn vassbehandlingsanlegg i Gjesdal til Tjensvollbassenga i Stavanger kommune.  

Arbeidet vil gå gjennom kommunane Gjesdal, Time, Klepp, Sandnes, Sola og Stavanger, og føregå i perioden 2021 til 2024.