Trollongane barnehage er offisielt opna

Ordføraren erklærte Trollongane barnehage for opna. Klikk for stort bilete 

Etter lang tid med eit byggeprosjekt som starta med riving av den gamle barnehagen og bygging av ny, kunne barna i Trollongane barnehage saman med foreldra, tilsette i barnehagen og inviterte gjester vert med på at ordføraren opna barnehagen offisielt.

Barnehagen er bygd med fem avdelingar og det er plass til 101 barn.  I tillegg til nytt bygg er det eit spennande uteområde.  Byggeprosjektet har hatt ein kostnadsramme på 50 millionar kroner.