Treng du nokon å snakka med etter det som har skjedd?

Klikk for stort bilete Etter den forferdelige hendinga i Marokko kan det vera fleire som har behov for nokon å snakka med.

Dei som ønsker det kan ta kontakt med fastlege eller legevakt. Legevakta har døgnope heile jula, og kan kontaktast på tlf nr 116 117.

Barn og unge kan også møta opp på helsestasjonen på Bryne. Her vil det være personell tilgjengeleg fredag 21. desember (08.00 - 15.00), julafta og nyttårsafta (08.00 – 12.00), og torsdag og fredag (08.00 – 15.00) i romjula. Du treng ikkje bestilla tid på førehand. 

Helsesstasjonen kan òg gje rettleiing til foreldre som ønskjer råd om korleis ein snakkar med barn og ungdom om denne hendinga. Gode råd om dette kan ein òg finna i denne artikkelen Hå kommune har laga:

Barn og unge i krise og sorg - tips til vaksne