Treng du hjelp eller vil du bidra som frivillig?

Klikk for stort bilete Morten Krogvold Her finn du ut kven du skal kontakta for å melda interesse eller behov.

Dei som kan hjelpa: Ta kontakt med Bryne Røde Kors på bryne@rodekors.org og meld om namn, så vil du få tilsendt registreringsskjema.

Dei som treng hjelp: Ta kontakt med Time frivilligsentral på tlf 904 77 858 (Telefontid: 09.00 – 18.00) eller e-post frivilligsentralen@time.kommune.no

Den ekstraordinære situasjonen me nå har i landet vårt gjer at mange har behov for hjelp. Då er det flott å registrera at det er mange som vil bidra. Me har fått mange henvendingar får privatpersonar og organisasjonar som ønsker å hjelpa. Dei frivillige kan mellom anna hjelpa med handling av matvarer.

Time kommune og Bryne Røde Kors samarbeider om organisering av dette i vår kommune.