Trekning Ti Turar i Time 2019

Ordførar Reinert Kverneland har trekt sju heldige vinnarar blant dei som har gått alle ti turane i 2019.Klikk for stort bilete 

Dei heldige vinnarane av fire gavekort er: Hege Varhaug Ueland, Emma Ånestad, Per Sigurd Berntsen og Synne Haugen.

Dei heldige vinnarane av tre gavekort på kinobillettar er: Anne Lise Tveitane, Johannes Braut og Sofia A. Barø.
På #tituraritime har desse vunne gavekort på kinobillett på eit trekt bilde kvar månad: May Elisabeth Håland, Anne Lise Tveitane, Hege Lysne, Marte Dale, Ingeborg Nærland Skjærpe og Marit Hetland

Folkehelsekoordinator Anne Reidun Garpestad fortel at turopplegget er populært blant innbyggjarane i Time.

I år vart det levert inn 474 turkort, dette er ca 70 stk fleire enn i fjor. Dei aller fleste som har levert inn kort har gått alle turane, og det har vore mange barnefamiliar ute på tur.  Alle som har levert inn turkort har fått ei lita turgåve i premie.  I 2019 har vi hatt eit samarbeid med Barnas Turlag Jæren som har hatt fellestur til fem av turmåla. På turen til Synesvarden var dei ca 70 små og store som var med.

Time kommune vil takka alle grunneigarar som er med og gjer at kommunen kan ha eit slikt turopplegg.

Me har fått mange mange gode tilbakemeldingar på turopplegget, og satsar på eit liknande opplegg i 2020.