To millionar til uteområdet ved Lye skule

Det starta med eit brev til ordføraren.  Nå får Lye skule nytt uteområde.

Klikk for stort bilete

Det kom eit brev til ordføraren om kor dårleg det står til med uteområdet på Lye skule.  Elevrådet på skulen følgde opp saka med nok eit brev til ordføraren.  

Brevet vart til ei sak i den kommunale saksgangen, og via behandling i økonomiplan i kommunestyret i desember 2018  og sak om prioriteringar i lokal utvikling i januar 2019, kunne ordførar Reinert Kverneland saman med rådmann Trygve Apeland og kommunalsjef for oppvekst Eskil Nygaard informera elevane ved skulen at dei får to millionar til å oppgradera uteområdet ved skulen. 

Ordføraren seier at det er kjekt å sjå at elevane engasjerer seg i lokalmiljøet sitt, og at engasjement viser resultat. 

Elevrådet ved skulen skal vera med i planlegginga av korleis pengane skal brukast på best mogleg måte.   Ordføraren håper på at arbeidet med opparbeiding av området startar tidleg i haust. 


Klikk for stort bilete