Timebuar kan få støtte til kjøp av elsykkel

Kolumbus ønsker å støtte innbyggjarar i Time med inntil 5000 kroner for kjøp av elsykkel. Søknadsfrist er 26. november.

Ordførar i Time, Andreas Vollsund, og ordførar i Klepp, Kjetil Maudal, på sykkel - Klikk for stort bileteOrdførar i Time, Andreas Vollsund, og ordførar i Klepp, Kjetil Maudal Klepp kommune

Vil du sykle meir og har lyst å kjøpa deg ein elsykkel? 

No kan du søke om støtte. 

Støtta er på inntil 5000 kr og kan ikkje utgjere meir enn 30% av prisen på elsykkelen. 

Time kommune administrerer utbetaling av støtta på vegne av Kolumbus. For å få støtte til kjøp av elsykkel, må du søke, og kommunen kan gi tilslag til 150 personar. Får me fleire søkarar enn dette, vil det bli trekning blant dei innsendte søknadane.   

Søknadsfristen er 26. november.

Innan 8. desember vil du få svar på om du har får støtte eller ikkje. Du må levera kvittering til kommunen innan 31. mars, men kan levere med ein gong du har kjøpt sykkelen. Kommunen utbetaler støtta månaden etter mottatt kvittering.     

 Søk om støtte til kjøp av elsykkel  

Forutsetningar for å få støtte:    

  • Støtta er på inntil 5000 kr    
  • Støtta kan ikkje utgjere meir enn 30% av prisen på elsykkelen    
  • Søkar må være busett i Time kommune    
  • Du må ha fylt 18 år for å søka    
  • Kvar søkar kan få støtta til ein elsykkel    
  • Du må behalde sykkelen i minst 3 år etter kjøp    
  • Sykkelen kan ikkje trimmast eller på anna vis gjerast ulovleg å ferdast på    
  • Ordninga gjeld ikkje kjøp av pedal-scooter eller elmoped    
  • Du kan ikkje få støtte til ein elsykkel som er kjøpt eller bestilt før 9.11.2023     
  • Du kan ikkje kjøpe elsykkel av ein privatperson  
  • Støtta skal tilbakebetalast viss den er tildelt på feil grunnlag    
  • Dei som mottar støtte forpliktar seg til å svare på 3 korte spørjeundersøkingar om reisevanar    

Utbetaling   

  • Informasjon som er nødvendig for å få utbetaling vert informert om i tilsagnsbrevet som me sender ut 8. desember (namn, adresse, kontonummer og vedlagt kvittering)   
  • Innbyggjar må levere kvittering for å få utbetalt støtta  
  • Kommunen utbetaler støtta månaden etter mottatt kvittering (sender innbyggjar kvittering 10. januar, utbetalast støtta seinast ved utgangen av februar)