Time kommune er regodkjent som Trafikksikker kommune

Sidan 2016 har Time kommune hatt godkjenning som trafikksikker kommune for tre år.  Nå er kommunen regodkjent for tre nye år.

Klikk for stort bilete 

Regodkjenninga vart markert i Time rådhus sammen med Ingeborg Lea Mæland i Trygg trafikk, ordførar Reinert Kverneland og rådmann Trygve Apeland.

«Å vera ein Trafikksikker kommune betyr ikkje at det ikkje lenger vil skje trafikkulykker, men godkjenninga viser at Time kommune vil arbeida mot og ta ansvar for å nå dei nasjonale måla om færre skadde og drepne i trafikken, og dei styrkar med førebyggjande arbeid for å redusera trafikkulykker lokalt» seier Ingrid Lea Mæland i Trygg Trafikk. 

Time kommune har sidan 2014 arbeidd systematisk med å vera ein trafikksikker kommune.  I trafikksikringsplanen (PDF, 2 MB) som vart vedtatt i 2016 er det sett fokus på å arbeida aktivt med å førebygga ulykker.  Arbeidet for å vera ein trafikksikker kommunen skjer på helsestasjonen, i barnehagane, på skulane og i planarbeidet i kommunen.  Me har og eit trafikksikringsutval med representantar frå alle tenesteområda i kommunen.