Time følger dei nasjonale reglane for skjenking av alkohol

Klikk for stort bileteI beredskapsmøte torsdag 28. januar, vedtok Time kommune å ikkje vidareføra den lokale forskrifta om skjenkestopp.

Frå fredag (29.1.) er det dei nasjonale reglane for skjenking av alkohol som gjeld i Time.

Grunngjevinga er at den lokale smittesituasjonen har endra seg til det betre, og at risikonivået er lågare.

Alkoholservering saman med mat
Det er viktig å presisera at dei nasjonale reglane inneber at det nå blir tillate å servera alkohol saman med mat

Det tyder ar kvar enkelt gjest må bestilla mat dersom dei skal få servert alkohol. Det held ikkje at kun ein av gjestene i ei gruppe på for eksempel fire personar, bestiller mat.

Oppsummert gjeld desse retningslinjene for skjenkestadene:

  • Servering av alkohol kun til dei som får servert mat.
  • Skjenkestopp ved midnatt, ikkje sleppa inn gjester etter kl. 22.00.
  • Minst 1 meters avstand mellom gjester utanfor same husstand.
  • Sitjeplassar for alle gjester, kun bordservering av alkohol.
  • Det skal registrerast kontaktopplysningar til dei gjestene som samtykker til det.

Covid-19-forskriften kapittel 5, § 14A