TIME-AUKSJONEN til inntekt for Barnekreftforeningen

Årets TV-aksjon går til Barnekreftforeningen sitt arbeid med å etablera familiehus for barn med alvorleg sjukdom og familiane deira. I den anledning inviterer Time kommune, saman med Time frivilligsentral og Bryne næringsforening, til TIME-AUKSJONEN.

• Torsdag 17. oktober kl. 18:00
• Bryne Mølle

Her kan du som bedrift eller privatperson by på flotte «gåver» frå våre lokale heltar:
• Signert Noreg-drakt av Erling Braut Haaland
• Signert, innramma trykk av Ivan Storm Juliussen
• Signert Bayern München-drakt av Tuva Hansen
• Signert drakt av Håndballjentene

I tillegg blir det loddsal med premiar:
• Eitt års gratis trening på Robust Trening og Fysioterapi, inkl. ein gratis PT-time (verdi 7070,-)
• Middag og overnatting for to personar på Hotell Jæren
• Søndagsbuffé for to personar på Bryne Kro Hotell
• Billettar til Brynekamp + signert drakt frå Bryne FK A-lag menn.
++ mange andre flotte gevinstar.

Konferansier og auksjonarius for kvelden: Brigt Skrettingland.

Det blir sal av kaffi og kaffimat.

Alle inntekter går til årets TV-aksjon: Barnekreftforeningen🎗️