Tilskot til aktivitetar i vinterferien

Lag og organisasjonar kan søka om økonomisk tilskot til å arrangera aktivitetar for barn og unge i vinterferien. Søknadsfristen er 1. februar.

Målgruppa for aktivitetane er barn og unge i alderen 6-19 år. Aktivitetane skal i utgangspunktet vera gratis for alle. Maksimalt tilskot er 5000 kr per dag/25 000 kr per veke. Vinterferie er i veke 9 (måndag 27. februar t.o.m. fredag 3. mars). Tilskotet vert utbetalt etter at aktivitetane er gjennomførte.

Her er søknadsskjema for tilskot til ferieaktivitetar.