Tilsett ved Bryneheimen har fått påvist smitte av koronavirus

Klikk for stort bileteEin tilsett ved Bryneheimen har fått påvist smitte av koronaviruset. Time kommune Ein tilsett ved Bryneheimen har i dag (10.mars) fått påvist smitte av koronavirus. Vedkommande er blitt smitta på reise i London.

Den tilsette var på jobb på sjukeheimen i eit par dagar i førre veke etter heimkomst. Ho har til ei kvar tid fulgt Folkehelseinstituttet sine retningslinjer for helsepersonell.  

- Me har nå kartlagt kven på Bryneheimen som har vore i nær kontakt med den smitta. Det er snakk om åtte tilsette og åtte pasientar. Dei tilsette vil være heime i karantene i 14 dagar, og pasientane vil me følga opp i tråd med dei føringane som Folkehelseinstituttet gjer for slike situasjonar, seier kommuneoverlege Øystein Øgaard.

Tysdag kveld har me sett i gang arbeidet med å informera dei næraste pårørande til alle pasientane ved Bryneheimen om korleis dei skal halda seg til situasjonen.

Den smitta var på jobb i ein fløy i den eine etasjen på Bryneheimen, og me set inn naudsynte tiltak på denne fløyen:

- I løpet av tysdag kveld vil me også reingjera alle kontaktpunkt og overflater som den smitta kan ha berørt, seier Øgaard.

Kommuneoverlegen vil følga situasjonen tett, og setta i verk fleire tiltak dersom det vert naudsynt.

Definsisjon av nær kontakt med smitta

Meir informasjon om koronaviruset