Tilsett i Time kommune vert statssekretær

Reid Ivar Bjorland Dahl - Klikk for stort bilete Øyvind Ganesh    Reid Ivar Bjorland Dahl, spesialrådgjevar i Time kommune, er ny statssekretær i Barne- og familiedepartementet.

Dahl (32) arbeider til vanleg i økonomiavdelinga i Time kommune, men i perioden 8. januar – 30. juni går han inn i vikariat som statssekretær.

Kommunedirektør Trygve Apeland synes det er stas at ein av dei tilsette i kommunen får ein slik jobb:

- Det er kjekt at ein av våre mange dyktige medarbeidarar vert lagt merke til og får denne sjansen. Me er glade for at me kan låna han ut til departementet, og ser fram til at han kjem tilbake hit med auka kompetanse som organisasjonen vår kan dra nytte av.