Tilløp til brann i omsorgsbustad

Klikk for stort bileteFredag ettermiddag var det tilløp til brann i ein av omsorgsbustadane i Røyrvika på Bryne. Brannvesenet var på plass etter kort tid og fekk raskt kontroll på situasjonen.

Dei tilsette som var tilstades fulgte retningslinjene slik dei skulle, og bebuarar vart evakuert på ein trygg og god måte.

Branntilløpet oppstod i tilknyting til ein tørketrommel i ein av leilegheitene. Ingen personar vart skada, men det vart nokre mindre materielle skader i den eine leilegheita. Bebuar i denne leilegheita har fått ny midlertidig bustad, dei andre bebuarane har fått lov til å gå tilbake til leilegheitene sine.