Tilbod om vaksine til 12-15-åringar

​​​​​​Regjeringa har bestemt at 12-15-åringar skal få tilbod om koronavaksine. Denne aldersgruppa vil i første omgang få tilbod om ein vaksinedose.

- Barn og unge vert sjeldan alvorleg sjuke av covid-19, men det er aukande smitte i denne aldersgruppa. Når mange vert smitta, vil òg nokre fleire risikera å verta innlagde på sjukehus. Me tilbyr vaksine for å redusera risikoen for alvorleg sjukdom så mykje som råd, seier Øystein Øgaard, kommuneoverlege i Time.

Meir informasjon om tilbodet finn du her.