Ti turar i Time

Saman med Jæren turlag gir Time kommune ut turheftet "Ti turar i Time". Turane i heftet passar for både barn og vaksne.

Klikk for stort bilete

På biblioteket eller i servicetorget får du:

Turhefte 2019 (PDF, 19 MB)

Klippekort (PDF, 212 kB)

Hefte og kart

I heftet finn du kart og omtale av alle turane. På alle turmåla finn du ei klippetong som du «holar» klippekortet med. Plassering av klippetonga er omtala i turboka.

Alle som leverer inn klippekortet får ein turpremie. Dei som har gått alle turane er i tillegg med i trekninga av: to gavekort a kr 1000, to gavekort a kr 500, kinobillettar, mm.

 

Meld feil

Oppdagar du forsøpling eller manglar når du ute på tur, kan du melda feil på nett.

Påminningar

Her og der kan det vera husdyr på beite. Derfor legg me til tre små, men viktige påminningar for at alle skal ha glede av turtilbodet:

  • Respekter bandtvangen
  • Lukk eventuelle grindar
  • Ta avfallet med heim

 

Hugs skikkeleg fottøy. God tur i jærsk natur!