Ti turar i Time 2021

Trekning heldige vinnarar Time kommune  Ordførar Anderas Vollsund har trekt seks heldige vinnarar av gåvekort blant dei som har gått alle ti turane i 2021.

Dei heldige vinnarane av fire gåvekort er: Vidar Løvåsen, Elly Zeeh, Morten Davidsen og Rita Rimestad. Dei heldige vinnarane av to gåvekort på kinobillettar er Hans Grove og Ole Ivan Grindheim.

I tillegg får barn som har gått alle 10 turane velja seg to preminar. Dei kan velja mellom drikkeflaske, hals, refleksband eller sykkelklokke.

Mange går turane

Folkehelsekoordinator Anne Reidun Garpestad fortel at turopplegget er populært blant innbyggarane i Time og på Jæren.

I år vart det levert inn 422 turkort, som er om lag som i 2020. Dei aller fleste som har levert inn kort har gått alle turane, over 70 %, og det er mange småbarnfamiliar og godt vaksne som har vore ute på tur. Det er nok langt fleire som har gått mange av turane enn dei som har levert inn turkort.

I 2021 hadde kommunen eit samarbeid med nærbutikkane på Bryne, Lye, Undheim og Kvernaland der vi plasserte ut turhefte og turkort lett tilgjengeleg for besøkande. Her er det mange som har fått med seg turinformasjon. Koronapandemien har ført til at mange fleire har vore ute på tur i nærområda dei siste to åra.

Time kommune vil takka alle grunneigarane som er med og gjer at kommunen kan ha eit slikt turopplegg.

Ny runde i 2022

Me har fått mange gode tilbakemeldingar på turopplegget, og satser på eit liknande opplegg i 2022.