"Tett bygg" markering i Vardheia

Klikk for stort bileteFredag før pinse vart milepælen «tett bygg» markert på den nye ungdomsskulen i Vardheia. Skulen er eit eksempel på godt samarbeid mellom Time og Klepp kommunar, og bygget skal stå ferdig til skulestart 2021.

Skulen skal ta imot rundt 450 elevar frå Bryne, Tu og Orre.

«Dette vert ein flott skule, og me gler oss til me kan ta imot elevar her», seier Pamela Sudmann, skulesjef i Time.

Klikk for stort bileteDet er ein gammal byggetradisjon at leverandør set opp flagg når bygget er under tak innan avtalt tid. Her kjem også Varheihallen (idrettshall og turnhall), der Bryne turnlag går inn med fire millionar kroner. Den totale kostnadsrammen er på 366 millionar kroner. Det er Jærentreprenør som har fått oppdraget.

Les meir om prosjektet her:
Vardheia ungdomsskule, Vardheihallen og tilhøyrande uteanlegg