Teststasjonen på Kleppe vert avvikla

Bilde av testrør, Covid-19 - Klikk for stort bilete 1. juni blir teststasjonen for PCR-testing på Kleppe, som Time-innbyggarar har nytta under koronapandemien, avvikla. 

Det er ikkje lenger nødvendig å testa seg for covid-19 ved luftvegssymptom.

Dersom du likevel ønsker å testa deg, kan du få utlevert gratis hurtigtest hjå innbyggarservice i Time rådhus.

Ved ønske om PCR-test og registrering i koronasertifikat må du oppsøka private tilbydarar.

Legetenesta i kommunane vil testa pasientar med behov for helsehjelp, men har diverre ikkje høve til å tilby test til andre.

Teststasjonen på Kleppe har vore i drift sidan pandemienstarta i mars 2020, og her har innbyggjarar i Klepp, Time, Hå, Gjesdal og Sandnes tatt koronatest. På det meste har det vore gjennomført 1000 testar dagleg, og det har blitt tatt om lag 240 000 koronatestar på teststasjonen.